Nina Bang Larsen arbeider hovudsakleg med stadspesifikke installasjonar sett saman av tekstile skulpturar, måleri, video og foto. Prosjekta hennar blir utarbeida i eit kaos av oppsamla materialar, tankar og idear. Nysgjerrig prøver ho ut nokre av ideane dei genererer og lar seg styra av slump og innfall, på leit etter noko som kan formidle det ordlause. Bang Larsen seier sjølv at ho lengtar etter å skapa noko meiningsfylt, samtidig som ho foraktar denne lengsla. I arbeidet hennar oppstår det surrealistiske historier ho ikkje kjenner særleg kontroll over, og heller ikkje forstår. Til tross for denne forvirra tilstanden ender ho opp med nøye gjennomførte arbeid laga med stor overtyding og skaparglede. Det tidkrevjande aspektet er viktig for Bang Larsen. Det viser tilskodaren at ho tek den bisarre forteljinga si på alvor, og dermed at dei også kan gjere det. Sirleg handarbeid underbygger det inderlege og villa i arbeidet, og Bang Larsen er fascinert av det som skjer i møte mellom dette og det absurde kaoset. Tekstilet, med si velkjende taktilitet, hjelper til med å trekke tilskodarane inn i forteljingar dei kanskje elles ikkje ville gått inn i. Bang Larsen vil ha tilskodarane til å gå på oppdagingsferd i installasjonane, og på vegen håpar ho at dei blir utsette for deira eigne uføreseielege assosiasjonar.
Til Sandefjord Kunstforening kjem Bang Larsen igjen med eit heilt nytt prosjekt. Forseggjort handarbeid koplast saman med utolmodige kulisser og finurleg teknikk, i ein søken etter noko som forløyser den sterke kjensla av at det er noko usagt som må seiast. I utstillingsrommet sauser ho saman kvardagsliv med snurrete fantasiar, og gjev rom til noko av det som kan dukke opp eit ope sinn. Til montering av utstillinga tek ho med seg det som har tatt form i atelieret for å arbeide det inn i utstillingsrommet. Bang Larsen ønsker å aktivisera heile rommet, få tilskodarane til å bevega seg rundt på oppdagingsferd i installasjonen. Ved fyrste blikk kan utstillingane hennar sjå uskuldige og barnlige ut, men det tek ikkje lang tid før ein oppdagar det urovekkande og absurde som alltid er tilstade. Nokre gongar er det veldig tydleg, andre gongar ligg det og ulmar utan at ein heilt klarar å setja fingeren på kva det er. Ofte balanserar dei mellom motstridande kvalitetar som gjer dei vanskeleg å plassera, vanskeleg å fanga, og på den måten opnas dei opp for tilskodarane si personlege tolking.
Nina Bang Larsen (f. 1981, Hardanger) bur og arbeider i Bergen. Ho har ein MFA frå Kunsthøgskolen i Bergen (2010), og har hatt ei rekke separatutstillinger, blant anna ved Norsk Tekstilindustrimuseum, Salhus (2021), RAM Galleri, Oslo (2020), Kraft, Bergen (2018), Oppland Kunstsenter, Lillehammer (2018), Studio 17, Stavanger (2017) Vestfold Kunstsenter (2015), Prosjektrom Normanns, Stavanger (2014), Kunstmuseet Nord-Trøndelag (2014) og SOFT galleri, Oslo (2012).